David Monrad Johansen

David Monrad Johansen vart fødd på Halsøya i Vefsn 8. november 1888. Foreldra var Mikal Dass Johansen og Marie Chatrine, fødd Bernholdt Barth. Da engelskbruket slutta si verksemd i Vefsn, fekk faren overta forretninga som konsul Dahl dreiv på Halsøya. Som sjef for eiga forretning flytta han inn i Mosjøen med familien, busette seg i Sjøgata, med handel i første etasje og husvære i andre. Der voks David Monrad Johansen opp i ein trygg, god heim.

Men dette fekk ei brå vending. To søsken døde, og David Monrad var berre fem år da faren døde av difteri. Mora gifte seg på nytt, men vart snart skild. I denne vanskelege livssituasjonen flytta ho til Kristiania saman med den 16-årige David Monrad og to andre barn. For å kunne gje barna eit livsgrunnlag, dreiv ho eit pensjonat i hovudstaden. David Monrad sa seinare at mora var heilt avgjerande for at han kunne bli den kunstnaren han var.

Den komande komponisten tok pianoundervisnng medan han budde i Mosjøen. Han var trommeslagar i Mosjøen Hornmusikk, og han spela althorn og trompet i Mosjøen Orkesterforening. Men det var kunstmålar han ville bli, og det finst målarstykke etter tenåringen David Monrad Johansen i Mosjøen.

Eit reint tilfelle gjorde at David Monrad tok til å studere musikk: 17 år gamal fekk han epilepsi, avslutta skolegangen, fann tilbake til musikken, og børja på Musik-Konservatoriet i 1905. På denne tida hadde han ikke tanker om å bli skapande kunstnar, det var pianist han ville bli. Etter studium med den store klaverpedagoen Karl Nissen, hadde han debutkonsert i heimbyen Mosjøen i 1910, og så ein stor offentleg debut i Kristiania i 1913.

David Monrad Johansen kunne ha halde fram som habil konsertpianist. Men komponisten fekk meir og merk tak i han, og han børja på musikkhøgskolen i Berlin i 1915. Komposisjoner som han da hadde med seg, var så gode at han straks vart plassert i klasse for fri komposisjon. Men teorien vart ei livslang læring. For David Monrad Johansen var perfeksjonist, og i stadig utvikling, blant anna i møtet med impresjonismen.

David Monrad Johansens ungdomsidol og kunstneriske leiestjerne var Edvard Grieg. I 1934 gav han ut ei stor, omfattande framstilling om Griegs liv og musikk, ei bok som i mange år var hovudverket om vår største komponist. Med si sterke nasjonale grunnhaldning vurderte han Grieg som ei nasjonal vekkjar, fordi han i si kunstneriske utfalding tok inntrykk frå norsk folkemusikk. Derfor skreiv også David Monrad med begeistring om den rike spelmannstradisjonen i Vefsn. Folkemusikk er spiren som kan vekse til eit tre, sa han i ein tale i Mosjøen da vefsningana hadde 70-årsfeiring for han i 1958.

Sjølv søkte han inn til det urnorske da han i 1926 tonesette delar av det norrøne diktet Voluspå, eit verk for soli, kor og orkester. Dette verket vart motteke med ovasjonar både her heime og ute, og det står som det mest verdfulle David Monrad Johansen har skapt. Fleire komposisjonar laga han til tekstar frå norsk folkedikting, blant anna Draumkvædet, for mannskor. Og så søkte han heim til Nordland med songsyklusen «Nordlandsbilleder». Komponisten har sjølv sagt at det var Øyfjellet han tenkte på da han skapte «Mot fedrenes fjell» i denne suiten.

Ein kan ikkje her gå nærare inn på David Monrad Johansnes livsverk, berre nemne at han ved sida av dei mange vokalverka skreiv både kammermusikk og orkestermusikk. Symfoniar skreiv han ikke, men «Symphonische Phantasie» (1937), og «Symfoniske variasjoner og fuge» (1946). I sitt nye liv etter krigen komponerte han blant anna orkestermusikk «Konsert for klaver og orkester», og den inderlege «Lamente for strykeorkester», begge komposisjonane i 1965. Eit av dei mest populære orkesterverka er «Pan», som Monrad Johansen skreiv for NRK til Knut Hamsuns 80-årsdag i 1939. Verket byggjer på inntrykk frå fleire av Hamsuns romanar.

Det er grunn til særskilt å nemne David Monrad Johansens komposisjonar for mannskor. Inspirert av finske mannskor fornya han mannskorsongen i Norge, blant anna med klassikaren «Gamle Norig», med den kjede Ivar Aasen-teksten. David Monrad Johansen er æresmedlem i Mosjøen mannskor, og i koret er det no (2011) ei songgruppe som heiter D Monrads.

Bokverket om Edvard Grieg viste at David Monrad Johansen var ein glimrande skribent. Blant mykje anna som han skreiv, var han i tida 1925-45 musikk-kritikar i Aftenposten, høgt respektert fram til 1940. Kulturpersonlegdom som han var, og ein mann med klåre meiningar, vart han midtpunkt i musikklivet. Såleis var han med og starta Norsk Komponistforening i 1917, og var mange år i styret der. I 1931 vart han vald inn i styret for Filharmonisk Selskap i Oslo. Han var medlem av riksprogramrådet i NRK i åra 1933-40. Der gjorde han ein stor innsats med å forme den musikalske og kulturelle programprofilen i kringkastinga.

David Monrad Johansen var altså ein høgt akta og sentral person i norsk kulturliv.

Dette endra seg drastisk i okkupasjonstida. Hausten 1941 melde han seg inn i nazipartiet Nasjonal Samling, truleg med si sterke nasjonale handling som drivkraft. Etter krigen vart han dømd til fem og eit halvt års fengsel, bot og inndraging av offentlege rettar i 10 år. Men saka var anka, Høgsterett reduserte straffa til fire års tvangsarbeid, og dei strauk bota.

Dei første 10 åra etter frigjeringa var David Monrad Johansen for ei død mann å rekne. Men mot det mange kunne vente, reiste han seg; verka hans stod igjen på konsertprogramma, og kan kom med sitt 29. opus, Konsert for klaver og orkester i 1955. Etter det kom det flere opus frå komponisten, som vital til det siste avslutta med fløytekvintetten, 79 år gamal (1967). Igjen vart han æra som den store kunstnaren han var, og til 70-årsdagen vart han hylla av orkestra i Oslo og Bergen og av Mosjøen kommune.

David Monrad Johansen er ein av de store norske komponistane. Han er vefsningen som gav det nasjonale ny tonedrakt. Komponisten Johan Kvandal er son av David Monrad Johansen. (Farfaren til David Monrad, Johan Jakob Johannesson var frå Kvanndalen i Vefsn.)

David Monrad Johansen døydde den 20. februar 1974. Han er gravlagt på Tanum kyrkjegard i Bærum.

Ved 90-årsjubileet for David Monrad Johansens fødsel reiste Vefsn kommune ein byste av han i Sjøgata i Mosjøen. Mange hjelpte til med å skaffe medlar til denne bysten, som er laga av skulptøren Annisif Døhlen.

Tekst: Kristian Halse

Teksten er tidlegare publisert i antologien «Vefsningar», utgitt i 2012.